01
keramikk
Eg utvikler keramiske objekt med fokus på funksjon,
materialitet og visuell identitet.
Arbeidet mitt beveg seg mellom bruksgjenstand og romlig detalj – frå kopper, vaser og veggobjekter til håndtak, knagger og spesialtilpassede seriar.
Som designer er eg opptatt av at dei små objekta vi omgir oss med, og korleis dei påverkar både bruk, rom og stemning. Keramikken eg lager kjenneteiknast av tydelege former, taktile overflater og ein bevisst brukt av farger.
Eg tar imot bestillingar på både enkeltobjekter og mindre seriar, og utvikler gjerne keramiske objekt til interiørprosjekt, private heimar, offentlege rom og kommersielle miljø.
SJÅ ARBEID →
02
3d-print
Eg bruker 3D-printing som eit verktøy i designprosessen – frå tidlege formstudiar og prototypar til ferdige objekt og mindre seriar. Metoden gir rom for å arbeide presist med form, struktur, materialitet og lys.
Arbeidet mitt omfattar blant anna lamper, interiørobjekt og komponentar utvikla for konkrete rom eller prosjekt. Eg er særleg opptatt av korleis objekt kan bidra til ein heilskapleg visuell identitet, enten dei står åleine eller inngår som ein del av eit større interiør.
Eg utviklar både eigne designprosjekt og spesialtilpassa løysingar for private og profesjonelle miljø, som kafear, butikkar, restaurantar, hotell og offentlege rom.
SJÅ ARBEID →
03
interiør-
arkitektur
Interiørarkitektur handlar om meir enn korleis eit rom ser ut. Gode rom tek omsyn til menneska som skal bruke dei, og til korleis lys, lyd, fargar, materialar og romlege detaljar påverkar trivsel, konsentrasjon og tilhøyrsle.
Eg utviklar konsept og løysingar basert på grundig research, kartlegging av behov og forståing for brukarane. Målet er å skape eit miljø som fungerer godt i praksis, og som er tilpassa menneska, aktiviteten og konteksten det skal brukast i.
SJÅ ARBEID →
04
møbel-
design
Møbeldesign handlar for meg om å utvikle
objekt som både har ein tydeleg funksjon og
opnar for fleire måtar å bruke dei på.
Eg er opptatt av møblar som opnar for variasjon, fleksibilitet og bevegelse, framfor å styre brukaren mot eitt bestemt mønster.
Arbeidet mitt vekslar mellom det minimalistiske, eksperimentelle og leikne, men har alltid eit tydeleg utgangspunkt. Form, funksjon og konstruksjon blir utvikla saman, med mål om å skape møblar som er gjennomtenkte, fleksible og meiningsfulle i bruk.
SJÅ ARBEID →
